Pakkers

Arrangementsinformasjon

Bømlo Musikkfabrikk har den store gleda av å presentera Pakkers! 


Vindafjordbandet Pakkers er endelig tilbake! Pakkers er no inne i sin 22. sesong og i desse dagar kjem songen «Ferjemann» ut på Spotify m.m. Låten er eit nytt kapittel i den evige undringa om kva som måtte finnast på den andre sida av fjorden. 


Pakkers held konsertar, eventjobbar og ymse året rundt.  


For to år sidan gav Pakkers ut songen «Ut i det blå», eit samarbeid med Slogmåkane frå Karmøy.


I 2018 kom "Ro meg øve fjorden".  


Pakkers består av Sveinung Bjelland (sang/akk.g), Kjetil Ulland (bas), Jon Ørnes (strenger), Jostein Hustveit (trommer). 


Kvartetten går snart i studio for å fullføra sitt sjuande album.


Me kan ikkje få spreia nok gode superlativer om desse karane, og sikra deg ein billett allereie no.


Billettar kan tingast her: https://bmfabrikk.ticketco.events/no/nb/e/pakkers


Sett av 22 juni, for dette blir berre heilt rått!

bømlomusikkfabrikk
bømlo
pakkers
vindafjord
sandeid

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år